Få full oversikt over forbruk og faktura

Rauland Kraft App

SMARTLADING

Lad bilen når strømmen er på sitt billigste

Fleire moglegheiter

Opplev å ha full kontroll over straumforbruket ditt i Rauland Kraft-appen. Ved å ha betre oversikt kan du redusera forbruket og spara pengar.

Strømmen i sanntid
Ved installering av pulsmålar i sikringsskapet kan du følgja straumforbruket ditt frå appen time for time.

Smartare lading av el-bil
Ved hjelp av Rauland Kraft-appen kan du automatisk lade bilen din til den billigaste straumen i løpet av dagen.

Last ned appen:

Ein enkel innføring

Ved innlogg i appen kan du velja mellom to metodar:

  1. Vipps
  2. Telefonnummer (SMS)

Ja, appen fungerer med utanlandsk telefon. Obs! hugs +47 (føre)

Ja, appen er designa slik at fleire kan vera logga inn samtidig. Dette gjer at fleire har full oversikt over straumforbruket og kan bidra med å redusera forbruket.

  1. Gå inn på app
  2. På framsida til appen over huset er «Vis straumforbruk»

Trykk inn på «Vis straumforbruk», her kan du velja år, månad og dag. Etter du har valt ønskt tidsrom får du opp ein meir detaljera graf som viser samanheng mellom  kilowattimar (kWh) brukt og temperatur. Dersom du trykkjer på ei av søylene i grafen vil du få eit meir detaljert forbruk.

  1. Frå nettsida trykkjer du på «Mi side»
  2. Her får du fire val, trykk «faktura». Sida du får opp gir ei oversikt over tidlegare utbetalingar og faktura som ligg til forfall.

Smartlading er når du med vilje vel å lade el-bilen din i den perioden i løpet av døgnet då straumen er billigast. I Rauland Kraft appen kan du automatisera smartlading som betyr at så lenge du har el-bilen tilkopla straum vil han likevel berre lada når straumen er billigast.

Det kjem ann på straumprisen, erfaring har vist sparing opp til kr. 900,- i året!

  1. Trykk inn på tilkopla bil
  2. På nettsida til bilen kan du trykkja for å sjå ladehistorikken til bilen

Du kan òg trykkja på «smartlading». Her kan du velja at bilen når tilkopla straum skal lada når straumen er billigast. Samtidig kan du bestemma når bilen skal vera ferdig lada.

Me støttar smartlading for 18 bilmerke. Du koplar enkelt opp elbilen din ved å logga deg inn via elbil kontoen du har. Me støttar oppkopling og smartlading for desse bilmerka:

  • Audi
  • BMW
  • DS
  • Ford
  • Huyundai
  • Jaguar
  • Kia
  • Mini
  • Opel
  • Peugeot
  • Porsche
  • Renault
  • Seat
  • Skoda
  • Tesla
  • Toyota
  • Volkswagen
  • Volvo

Toyota, Volkswagen ID, Peugeot 3008 Hybrid, Peugeot 508 Hybrid og Peugeot e-2008. Skoda Enyaq gir berre oversikt over lading og ikkje moglegheit for smartlading. Heilelektriske Volvo modellar støttar me ikkje endå.

Spotprisen er timeprisen per kilowattime (kWh) gjennom døgnet. Sportprisen er den prisen som straumleverandøren din betaler for å kjøpa straumen på Nord Pools kraftbørs. Har du spotavtale betaler du same pris per kWh som straumleverandøren din betaler for å handla straumen på børsen pluss påslag.

  1. På framsida trykkjer du på «Spotpris no»
  2. Trykkar/held du på grafen blir spotprisen vist time for time
  3. Ønskjer du morgondags spot pris trykkjer du på «i morgen». Grafen på denne sida blir oppdatert dagleg kl. 13.

For å få forbruket ditt av straum i sanntid må du:

  1. Kjøpe en pulsmålar (kjøp her!)
  2. Montere pulsmålaren i sikringsskåpet (les korleis her!)

Kople pulsmålaren til appen slik at du får oversikten.

Ein pulsmålar viser kor mykje straum du hentar frå straumnettet i sanntid. Altså ditt forbruk av straum til ei kvar tid.

Les om korleis ein monterer og aktiverer pulsmålaren her!