Fastprisavtale for bedrifter

Fastprisavtale for bedrifter

Ønskjer du ein langsiktig og forutsigbar fastpris på straum til bedrifta di?

Me kan tilby langsiktige fastprisavtalar for straum til bedrifter.

Bedrifta kan velja avtale på kortare eller lengre sikt. Avtalane kan teiknast frå ned mot eit halvt år og opp til 7 år. Me kan tilby avtalar basert på årsvolumet til bedrifta slik at bedrifta kan sikra valfritt årsvolum. Resten av volumet blir berekna ut frå spotpris. For å bestilla eller visa interesse for fastpris, må du registrera deg i skjemaet under.

Viss du tenkjer at dette kan vera interessant for bedrifta di, treng du altså berre å fylla ut skjemaet, så kontaktar me deg.

Ønskjer du ein langsiktig fastpris på straum til bedrifta di?

Me kan tilby langsiktige fastprisavtalar for straum til bedrifter med oppstart 1. januar 2023.

Fastprisavtalane gjeld for tre, fem eller sju år. Det kjem ein ny pris og eit tilhøyrande volum kvar veke. For å bestilla eller visa interesse for fastpris, må de registrera dykk i skjemaet under. Kvar måndag vil me senda ut vekas prisar til dei som har registrert seg, med informasjon om bestilling. Merk at volumet er avgrensa, og me kan bli utselt.
Me tilbyr fastpris på inntil 70% av bedriftas estimerte årsforbruk på oppstartstidspunktet. Resten av forbruket blir berekna ut frå spotpris, og blir vist som over/underforbruk på fakturaen. De vel sjølv kor stor del av forbruket de ønskjer å ha fastpris på.

Viss du tenkjer at dette kan vera interessant for bedrifta di, treng du altså berre å fylla ut skjemaet, så kontaktar me deg.

Eg ønskjer tilbod på fastprisavtale

1Om bedriften
2Kontaktinformasjon
Er dere kunde i dag?(Påkrevd)

Bør du velja fastpris?

Fastpris på straum er som å binda renta på eit lån. Fordelen er at de får ein kjend straumpris dei neste tre, fem eller sju åra, og redusert usikkerheita knytt til straumkostnaden i til dømes budsjetteringsprosessar og produktkalkylar. De treng heller ikkje tenkja på prisvariasjonar i ulike sesongar eller gjennom dagen, slik som spotprisavtalar har.

Ulempa er at prisen er låst i den gitte perioden. Viss spotprisen i framtida blir lågare enn den avtalte fastprisen, vil de framleis vera bunde til denne prisen i avtaleperioden.

Viss du ønskjer ein avtale med større forutsigbarhet enn spotprisavtalar, men samtidig meir fleksibilitet enn fastpris, har me mange gode alternativ i forvaltningsavtalane våre. Her er delar av straumforbruket prissikra gjennom langsiktige prissikringar, medan resten blir avrekna etter spotprisen.