Kundeinformasjon – no fleire straumavtaler

For å ivareta våre straumkundar og kunne tilby gode produkt og tenester har me inngått samarbeid med Notodden Energi.

Tenester

Den første fakturaen frå Rauland Kraft produsert av vår samarbeidspartner, Notodden Energi, er no sendt ut.

Rauland Kraft kjøper tenester som fakturering, sal og marknadsføring av Notodden.

Rauland Kraft tilbyr no fleire straumavtaler tilpassa ulikt forbruk.

Straumavtala

Straumavtala ein har er uendra, men ein kan bytte over om andre avtaler blir rimelegare for deg.

Produktlansering

  • Fyst ut i produktlanseringa er varmepumpe i samarbeid med Rauland Elektriske, ein kan bestille og lese meir om dette her på nettsida.
  • Neste ut blir Rauland Kraft kundeapp med bla. mogelegheit å installere modul i målar for å få sanntid målaravlesing (kjøkkenwattmeter på app)
  • Har og planar om ferdig montert el-bil ladar på avbetaling, det og i samarbeid med Rauland Elektriske.

Eit aktivt og godt lokalmiljø

For å bidra til eit aktivt og godt lokalmiljø er Rauland Kraft stor sponsor av

  • Rauland Turist og skiløypene
  • Idrettslag, IL Dyre Vaa
  • Lag og organisasjoner i lokalmiljøet på Rauland.