28. juni 2023

Nyheit – Sanntidsvarsling av nettleige

No kan du få varsel om høgt straumforbruk i appen ved bruk av PULS måler. På den måten kan du halda deg oppdatert i forhold til kva kapasitetsledd du er innanfor og spara pengar på straumrekninga.
På nettleiga di betaler du for eit kapasitetsledd. Kapasitetsleddet er gjennomsnittet av forbruket for dei tre timane du har brukt mest straum i løpet av ein månad. Oppdateringa i appen kan hjelpa deg med å halda denne kostnaden låg fordi han gir deg eit varsel ved høgt straumforbruk. Når du får dette varselet kan det lønna seg å venta nokre timar med å lada bilen, eller setja på ei oppvaskmaskin.