Personvernfråsegn

Personvern er ein grunnleggjande rett som inneber at alle har rett til privatliv og til å kunne rå over eigne personopplysningar.

Rauland Kraft AS tek vare på personvernet til kundane våre. Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som kunde. Døme på dette er namn, adresse, fødselsnummer, kontonummer, målenummer og opplysningar om straumforbruk. Du skal kjenne deg trygg på at handteringa av personopplysningane dine skjer i samsvar med gjeldande reglar, og at det blir sett i verk høvelege tiltak både teknisk og organisatorisk, slik at personopplysningane blir trygt handterte og at handsaminga kan dokumenterast.

Ansvaret for handsaminga

Rauland Kraft AS er ansvarleg for handsaminga av personopplysningane i samband med alle tenestene som Rauland Kraft AS leverer.

Når ein bestiller og tek i bruk tenestene våre, blir det etablert eit kundeforhold som utgjer eit lovleg grunnlag for handsaminga av personopplysningane dine.

Handsamingsgrunnlaget

Dette vil typisk vera heimla i lov og forskrift, avtale med kunde eller samtykke. Eit anna alternativ kan vera såkalla rettmessig interesse i favør av den ansvarlege for handsaminga.

Handsamingsføremål

Aktuelle føremål for handsaminga av personopplysningar i Rauland Kraft AS kan typisk vera:

  • Administrere kundetilhøve
  • Måling, avrekning og fakturering
  • Teknisk drift og kundestøtte
  • Marknadsføring

Personopplysningane blir bruka til å administrere kundetilhøvet ditt, gjeva deg dei tenestene du har registrert deg for, gjennomføre leveransen og faktureringa.

Rauland Kraft AS handsamar dei personopplysningane du gjev opp når du registrerer deg hjå oss og opplysningar som du på anna vis gjev frå deg, til dømes til nettleverandøren din. Døme på personopplysningar som me utvekslar med nettleverandøren din kan vera fødselsnummer, namn, adresse, e-postadresse, mobilnummer og id knytt til målepunktet/anlegget ditt. Rauland Kraft AS hentar inn og lagrar personnummeret ditt frå folkeregisteret.

Oppbevaring og lagring av personopplysningar

Rauland Kraft AS lagrar personopplysningar i samsvar med gjeldande lov, og syter for tekniske og organisatoriske tiltak som sikrar dei.

Personopplysningane dine vil berre bli lagra så lenge Rauland Kraft AS har eit rettsleg grunnlag for det, og ikkje i noko høve lenger enn det som følgjer av dei lovene som gjeld til ei kvar tid. Det rettslege grunnlaget vil vera avtale, samtykke eller heimel i lov. Når Rauland Kraft AS ikkje lenger har rettsleg grunnlag for å lagre personopplysningar, vil opplysningane bli sletta eller anonymiserte.

Utlevering av personopplysningar – teieplikt

Rauland Kraft AS vil ikkje levere ut personopplysningar som gjeld deg eller nokon i same husstanden til utanforståande, bortsett frå når utleveringa skjer:

  1. med samtykke frå den opplysningane gjeld
  2. med heimel i lov eller forskrift gjeven med heimel i lov
  3. etter pålegg frå ein domstol eller anna styresmakt
  4. som ledd i betalingsinnkrevjing mv., når det ligg føre saklege grunnar

Innsyn og rettar

Du har til ei kvar tid rett til innsyn i dei opplysningane som Rauland Kraft AS har registrert om deg. Du kan òg krevje at personopplysningar blir retta og sletta, i samsvar med gjeldande lov.