Sjå straumforbruket ditt i sanntid

Puls-måler

Pris: 695,- + frakt for pulsmåleren og 19,-/mnd for datatrafikk.

STRAUM I SANNTID

Med puls-målar frå Rauland Kraft kan du følge med på ditt forbruk akkurat nå.

Sjå straumforbuket ditt i sanntid!

Den billigaste straumen er han du ikkje brukar! Med puls-målaren frå Rauland Kraft kan du sjå kor mykje straum du brukar akkurat no.

Med moglegheit til å sjå forbruket i sanntid er det lettare å tilpasse bruken din av straum til når straumen er billigast og dermed spara pengar! Med puls-målar er det òg mogleg å setja grensa til eit forbruk i appen, slik at den varslar deg om du brukar over ønskt mengde i kW.

Enkel innstallasjon

Puls-målaren frå Rauland Kraft kan du installera heilt sjølv!
Målaren blir kopla enkelt til HAN-porten i sikringsskapet ditt.

Pris: 695,- + frakt for pulsmålaren og 19,-/mnd for datatrafikk.

Slik gjør du:

  • Før du tek i bruk Puls-målaren må du opna HAN-porten på straummålaren din. Det gjer du ved å kontakta nettselskapet ditt.
  • Når du har bestilt pulsmålar vil du få ei pakke i posten. Puls-målaren, ein liten boks, og ein leidning. Plugg den eine enden av leidningen i Puls-målaren og den andre  inn i HAN-porten i straummålaren din. Målaren har berre ein HAN-port, og denne finn du enkelt på framsida av målaren. Det er viktig at antenna på Puls-målaren peikar utover, slik at den enkelt kan senda frå seg data.
  • No skal Puls-målaren byrja å blinka og lade opp batteriet. Dette vil ta mellom 15 og 20 minutt.
  • Medan Puls-målaren ladar, kan du logga deg inn i Rauland Kraft-appen og aktivera Rauland Kraft Puls-abonnementet (under «Legg til»).
  • Puls-målaren dukkar opp i Rauland Kraft-appen når den er klar til bruk.

Angrerett

Du har angrerett på dette kjøpet. Du kan nytta angreretten ved å fylla ut angrerettskjema. Angrefristen er 14 dagar frå avtalen vart inngått, og angrefristen blir sett på som overheldt dersom du sender skjemaet før utløpet av fristen.

Angrerettskjema

Bestill puls-målaren her!

Straumbegreper
-enkelt forklart

Nord Pool Spot: 

Nord Pool er ein nordisk kraftbørs som, på timebasis, justerer kraftprisen mot kraftmarknaden der all kraft omsettast.  

Spotprisen bereknast kontinuerleg, og kan samanliknast med flytande lånerente. Erfaringane viser at spotpris er det beste og rimelegaste alternativet for deg som kunde.  

Påslag: 

Påslaget skal dekke våre omkostningar og forskottering av straumkjøp i ein månad.  

Elsertifikat og innkjøpskostnadar: 

Elsertifikat er ein statleg lovpålagt kostnad, øyremerka støtte til produksjon av ny grøn energi. Dette gjelder alle kraftleverandørar. 

Innkjøpskost er vår kostnad ved kjøp av kraft og pålagte elsertifikat. 

Private straumavtaler